Ludolie

Grindafjell AS er sponsor av Vinjerock og sto under Vinjerock 2013 for den store ludokonkurransen. Vidare arbeid og tenkning, førte fram til tanken om å tilby små tomter og små hytter. Vi tenkte på dei som trives i telt og lavo, dei som trives med å ha naturen som storstue. At ei lita hytte kunne være ei base for å utforske naturen i Vang og omlandet nærare. Ein når fort både Sognefjellet, Eidsbugarden og Sognefjorden frå Vang. Grindafjell AS har difor i samarbeid med Innovangsjon og Vinjerock arbeidd fram eit konsept til hytte og vald ut eit område i fjellområdet ovanfor Vangsbygda.
 
Tomtene blir ca 600 kvm. Hyttene tenkjer vi at ikkje skal være frå 25- 45. kvm, evt. mindre om nokon vil ha det og med eit anneks på 20 kvm. Totalt pr. tomt ca. 75 kvm. (BYA- dvs. «fotavtrykket») Vi vil då klare å levere ein særs gunstig pris, ned mot millionen med alt for dei minste og enklaste,- med tomt og hytte.

Besøk nettsidene til Ludolie